Reglar

MERK!

Som deltakar i UlsteinLAN har du sagt deg enig i reglane nedafor.

Ved brot på reglane vil du få ein-(1) advarsel. Om du bryt samme regelen igjen, vil du bli bortvist frå arrangementet. Reglemanget kan bli oppdatert forlaupande, s¨å hald deg oppdatert til ei kvar tid.

§1 UlsteinLAN er eit rusfritt arrangement. Rus påverka personar vil bli bortvist frå arrangementet, og eventuelle rusmiddel vil bli konfiskert. Politiet kan verte tilkalla ved behov, eventuelt føresette.

§2 Røyking er ikkje tillat i lokalet og er forbehaldt røykeområde utanfor lokale, dette er skilta. Om du snusar skal brukte snus kastast i søppel.

§3 Når du kjem til UlsteinLAN, må du betale først (Om du ikkje har gjort dette online), deretter vert det tildelt band. Bandet du får tildelt, er du sjølv ansvarleg for. Øydelagt eller mista band må erstattast i vakta, og du vil bli belasta gebyr.

§4 Plassen du har vald på preseat.no er din plass under heile arrangementet. Om du vil bytte plass må du ta kontakt med vakt.

§5 Vi har kiosk over tribuna med godt utval av god mat og drikke. Oppvarming av pizza skjer gjennom kiosken. Bak kiosken er det ikkje tilgjengeleg for deltakarar.

§6 Deltakarane skal sørge for å halde det ryddig rundt plassen sin. Arrangør kan pålegge deltakara å rydde rundt sin eigen plass. Vakta vil gå runde å samle inn pant og søppel i jamne mellomrom.

§7 Soving skal skje i sovesalen. Soving ved plassane er ikkje tillat grunna brannsikkerheit. Det er høgst anbefalt at deltakarar tek med seg sovemateriell som liggja-underlag/feltseng og sovepose/pledd. Det er ikkje lov med powerbank eller lignande i sovesalen. Om det blir funnet, vil den bli inndrat av vakt og du kan hente den der, når du har våkna igjen.

§8 Det er forventa at du utøver vanlig folkeskikk og at du fyljer norsk lov under arrangementet. Respekter dei rundt deg eller aksepter konsekvensane. Lovbrot og hærverk vil bli meldt til politiet.

§9 Kvar deltakar får ein plass på 100x75cm (Breidde x Djubde). Alt du får plass til av datamaskin, konsoll, tv/skjerm er i prinsippet tillat. Kvitevarer som kokemateriell, kjøleskap eller vaffeljern er ikkje tillat grunna brannsikkerheit. Enkle ting som kjølebokser er tilete.

§10 Eit straumuttak og eit nettverk-uttak vert gjort tilgjengeleg pr. deltakar. Om straumen går på ei rekke kan arrangør krevje at unødig utstyr vert fjerna.

§11 Du er sjølv ansvarleg for eige utstyr. Lat ikkje verdisaker liggje synleg om ikkje du eller nokon du stolar på er i nærleiken. Vi har ikkje hatt problem det tjuveri på våre arrangement , men betre føre var. Sørg for oppdatert Anti-virusprogram for din eigen skuld vel som andre. Om det skal oppstå eit tjuveri skal det varslast til vakta.

§12 Dyr er ikkje tillat i lokalet grunna allergiar.

§13 Det er ikkje tillat å snike seg inn i lokalet. Vert dette oppdaga, vil du verte utestengd på ubestemt tid. Prøvar du som deltakar å ta deg inn i rusa tilstand, vil du bli bortvist og du får hente utstyret ditt tidlegast neste dag, då i følje med føresett om du er under 18 år.

§14 Skulle det oppstå eit nødstilfelle, ta kontakt med næraste vakt eller arrangør og gjer dei kjent med situasjonen. Vi har personell som er opplærde i alt frå fyrstehjelp til datateneste.

§15 Arrangør har rett til å utføre ransaking av bagasje og beslagleggje objekt som kan brukast til valdelege handlingar og/eller mistenkjast kan brukast til å gjere hærverk

§16 Kos deg og ha det gøy. Hugs at mobbing er ikkje tillat, om det skal oppstå noko som ikkje har blitt sagt ovanfor, ta kontakt med crew. Vi er her for din velferd.

§17 Bruk sunt nettvett, og respekter andre sitt privatliv. Det er ikkje lov i henhald til norsk lov å legge ut informasjon eller bilete av andre utan samtykke!

§18 Bruk av høgtalara er tillete på våre arrangement, men om du er til stor sjenanse vil du verte åtvara, og delar eller heile lydanlegget kan verte inndrege.